Kort fortalt

Forskarar åtvarar om rekordvarme hav

Temperaturen aukar stadig.

11.01.2023

Havet i verda har absorbert mesteparten av den globale oppvarminga, og temperaturane aukar stadig, åtvarar forskarar.

Varmeinnhaldet i havet var 10 zettajoule (zJ) høgare i 2022 enn året før – tilsvarande 100 gonger straumproduksjonen i verda, viser ein ny studie frå forskarar i Kina, USA, Italia og New Zealand.

Havet i verda absorberer rundt 90 prosent av den ekstra varmen frå klimagassutslepp. Det vernar landoverflata, men skaper store hetebølgjer i havet som allereie øydelegg for liv.

– Fram til vi oppnår nullutslepp vil oppvarminga halde fram, og vi vil halde fram med å slå gamle rekordar, seier Michael Mann ved University of Pennsylvania.

Publisert: 11.01.2023 16:54

Sist oppdatert: 11.01.2023 16:55

Mer om