Forskarkveld på Atlanterhavsparken
Ventar besøk av minst 150 ungdomar.
I samband med at det er den europeiske forskarnatta for ungdomar fredag, blir det arrangert «Researchers’ Night» på Atlanterhavsparken i Ålesund, ifølge ei pressemelding.
Det er første gong eit slikt arrangement går av stabelen og det skjer i samarbeid med NTNU i Ålesund, Helse Møre og Romsdal, Møreforsking og Marint kompetansesenter.
– Gjennom mange ulike forskingsrelaterte aktivitetar møter elevane forskarar og tar del i ulike eksperiment og opplegg. Deil vil også møte medelevar som forskar og studentar frå NTNU som er i gang med sine masteroppgåver, uttaler Heidi Bostad Roaldsand, som er leiar vitensenteret på Atlanterhavsparken.
Ungdomsskular og vidaregåande skular frå Ålesund-regionen og Sunnmøre er invitert. Arrangementet er ein del av Forskingsdagane som har gått føre seg ved NTNU Ålesund denne veka.
Publisert: 28.09.2023 14:57
Sist oppdatert: 28.09.2023 14:57