Emil Andre Helstad t v Mathias Martinussen Aure  elevar havbruk foto marius 11
OPNING: Havbrukselevane Emil Andre Helstad (t.v.) og Mathias Martinussen Aure frå Stranda vidaregåande skule stod for den offisielle opninga av visningssenteret framfor inviterte gjestar torsdag. Foto: Marius Rosbach .
Nytt

Unge krefter opna visningssenter

Havbrukselevar klipte snora på Atlanterhavsparken.

Marius Rosbach
25.08.2022

Torsdag kveld opna Hofseth-gruppen sitt visningssenter for havbruk ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Sjølve opninga blei foretatt av dei to elevane Emil Andre Helstad og Mathias Martinussen Aure, og rektor Jon Hjortdal frå Stranda vidaregåande skule.

Begge elevane er lokale ungdomar som har starta på den nye havbruksutdanninga knytt til naturbrukslinja ved skulen.

– Det er ein bransje med framtida føre seg, og som kjem til å utvikle seg mykje, seier Aure til NETT NO om kvifor han vil inn i oppdretsnæringa.

– Dette var noko eg ville prøve
Begge elevane synest bransjen verkar spennade. At det er mogleg å få jobb i lokalmiljøet tel positivt.

– Vi har mellom anna vore på båttur og omvisning med Hofseth, og eg fann ut at dette var noko eg ville prøve, fortel Emil Andre Helstad til NETT NO.

Nemnte Hofseth, er Roger Hofseth, eigar av Hofseth Aqua og Hofseth International, som sysselsett kring 500 personar. Han er også den som tok initiativ til visningssenteret tilbake i 2018.

(saka held fram under)

Visningssenter foto marius 11
AUKA KUNNSKAP: Visningssenteret som består av utstillinga på Atlanterhavsparken og ei visningsflåte i Valldal, skal i første rekke bidra til auka kunnskap om bransjen. Foto: Marius Rosbach

Viktig for omdømme og rekruttering
Ein av Roger Hofseth sine største bekymringar er rekruttering til sjømat og oppdrettsbransjen. Det er noko av årsaka til at han har ønska eit visningssenter for oppdrett på Sunnmøre.

Hofseth meiner senteret er viktig både for omdømme til bransjen, men også for at bransjen skal vere en attraktiv arbeidsgivar.

Difor har han også bidrege til at det vart oppretta ei ny havbruksutdanning knytt til naturbrukslinja ved Stranda vidaregåande.

Dei første elevane starta på utdanninga saman med Emil Andre og Mathias no på seinsommaren.

Utstilling og visningsflåte
Visningssenteret består av ei avdeling ved Atlanterhavsparken og ei visningsflåte ved Valldal i Storfjord. Sidan vart det innleia samarbeid med Atlanterhavsparken om ei fysisk utstilling på Tueneset.

Utstillinga som no er open for publikum er plassert i 2. etasje ved sidan av vitensenteret. Her kan dei besøkande lære både om laksens sitt liv og utfordringar, og korleis oppdrettsbransjen jobbar.

Den interaktive utstillinga tek for seg alt frå kva laksen et - og kan ete i framtida, til korleis bransjen påverkar miljøet og dei ulike yrkesgruppene som jobbar i næringa.

(saka held fram under)

Visningssenter foto marius 22
ULIKE YRKE: Oppdrettsbransjen har behov for ein rekke ulike yrker framover. Det er også ein del av utstillinga på Atlanterhavsparken. Foto: Marius Rosbach

Fleire delar av bransjen representert
Etter den offisielle opninga var det klartfor havbrukskveld i regi av Den Norske Matfestivalen – som opna same kveld.

Undervegs fekk gjestane også smake på anna mat frå sjøen enn laks. Både tangprodusentane i Tango Seaweed, torskeoppdrettarane i Gadus og kveiteoppdrettarane i Nordic Halibut var representert med sine produkt.

Publisert: 25.08.2022 18:54

Sist oppdatert: 16.06.2023 10:49

Mer om