Forskingsrådet må nedbemanne
Fekk budsjettkutt på åtte prosent.
For dei tilsette i Forskingsrådet var ikkje statsbudsjettet godt nytt. Etter eit budsjettkutt på vel 8 prosent må Forskingsrådet nedbemanne.
Forskingsrådet har i dag rundt 450 tilsette og direktør i Forskingsrådet Mari Sundli Tveit seier dei må nedbemanne utover det dei klarer med stillingsstopp og naturleg avgang.
– Vi står overfor ein kombinasjon av naturleg avgang og styrt nedbemanning, men det er for tidleg å talfeste kor mange det dreier seg om, seier Sundli Tveit til Khrono.
I forslaget til statsbudsjett har regjeringa foreslått eit kutt i verksemdskostnadene til Forskingsrådet på 62,8 millionar kroner. Dette er pengar som skal gå til drift av Forskingsrådet og kuttet svarer til 8,4 prosent av dei totale verksemdskostnadene.
I ein skriftleg kommentar seier statsråd Ola Borten Moe (Sp) til Khrono at Forskingsrådet har eit stort driftsbudsjett.
– Vi ønskjer å bruke mindre pengar på administrasjon og forvaltning, og meir pengar på forsking og utdanning, seier han.
Publisert: 07.10.2022 08:55
Sist oppdatert: 07.10.2022 08:56