Kort fortalt

Fossilbilen er ikkje død

Meir enn fire av ti trur deira neste bil vil gå på bensin eller diesel.

29.12.2022

Nesten like mange seier dei vil ha elbil som sin neste bil.

Det viser ei undersøking InFact har utført for Nationen.

I undersøkinga seier 38 prosent av dei spurde at dei ønskjer å kjøpe seg elbil. Men 43 prosent seier deira neste bil blir ein hybrid eller ein fossildriven bil.

Rundt 10 prosent veit ikkje, og ein like stor del oppgir at dei aldri skal kjøpe bil.

Men éin ting er kva folk seier dei vil gjere, noko anna er kva dei faktisk gjer.

Det er selt rundt 150.000 personbilar i Noreg i år. Ved utgangen av november var åtte av ti registrerte bilar i 2022 elbilar. Det viser tal frå Opplysningsrådet for veitrafikken. I 2021 låg andelen elbilar på 64 prosent.

Frå nyttår blir det innført vektavgift på alle bilar – også elbilar.

I tillegg må elbilkjøparar betale meirverdiavgift på den delen av kjøpesummen som er over 500.000 kroner. Avgiftsaukane har gjort at det har vorte levert ut ekstra mange elbilar til kjøparar no i haust.

Publisert: 29.12.2022 09:31

Sist oppdatert: 29.12.2022 09:33

Mer om