Kort fortalt
Framleis god lønnsemd for Polaris
Inntektene gjekk opp, men overskotet krympa.
Marius Rosbach
24.08.2022
Polaris Media Nordvestlandet auka inntektene første halvår i år, men overskotet blei mindre. Det kjem fram i kvartalsrapporten til Polaris Media som kom onsdag.
Avisene på Nordvestlandet, som består av Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og ei rekke lokalaviser, auka inntektene frå 182,5 millionar første halvår i fjor, til 187,8 millionar kroner i år.
Driftsoverskotet enda på 31,9 millionar – ned frå 34,1 millionar i same periode i fjor.
Konsernet viser ei tilsvarande utvikling når det kjem til omsetning og resultat.
Bortfall av annonsesalsavtaler med Finn.no og kraftig auke i papirprisane, i tillegg til meirkostnader i samband med nye satsingar og teknologi, blir oppgitt som årsaka til det svakare resultatet, kjem det fram i børsmeldinga.
Publisert: 24.08.2022 11:14
Sist oppdatert: 24.08.2022 11:16