Hanna Relling Berg foto Ogne
GODT FJORÅR: Solide resultat frå Sunnmørsposten-redaktør Hanna Relling Berg og dei andre avisleiarane i Polaris-konsernet på Nordvestlandet. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Aviseigarar håvar inn

Gode resultat for Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten-avisene gir pengar i kassa for trønderkonsern.

Marius Rosbach
13.07.2022

Fjoråret blei eit svært godt økonomisk år for Polaris-avisene på Nordvestlandet, viser årsrapportane som nyleg blei offentlege.

Både Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke leverer auka overskot i 2021. Det same viser årsrekneskapane frå lokalavisene som so langt er offentlege.

Mellom anna leverer Vestlandsnytt sitt beste økonomiske resultat på meir enn ti år, og det same gjer Fjordabladet og Driva. Også Åndalsnes Avis leverer eit solid resultat (sjå tabellar under).

Utbyte på drygt 38 millionar
Det gode fjoråret gjer at eigarane i trønderkonsernet Polaris Media igjen kan hente ut eit solid utbyte, etter nokre magre år.

Dei to store aviskonserna i regionen er organiserte som dotterselskap i Polaris Media Nordvestlandet. 2021-rekneskapen til selskapet viser at det er sett av 38,1 millionar kroner i konsernbidrag etter fjorårets gode resultat. Resultatprognosane tilseier at utviklinga vil halde fram, heiter det i årsrapporten.

Konsernbidraget frå Sunnmørsposten er på 19,5 millionar, medan Romsdals Budstikke bidreg med knappe 15,8 millionar.

I tillegg høyrer dotterselskapet Polaris Distribusjon Nordvestlandet inn under same paraply. Denne delen av verksemda gjekk med eit stort underskot i fjor. Resultat før skatt enda på minus 8,3 millionar, etter ei omsetning på knappe 53 millionar kroner.

Beste resultat sidan 2010
Sunnmørsposten er den desidert største avisa i regionen og auka inntektene i fjor, etter ein dupp året før. Resultatet før skatt på meir enn 22 millionar, er det beste sidan 2010 for ålesundsavisa.

Ifølgje årsrapporten var det 59 årsverk sysselsette i avisa ved starten av 2022– ein auke på tre det siste året.

Leiinga seier seg nøgd med den økonomiske situasjonen for avisa, som også hadde opplagsvekst i fjor. Reklameinntektene auka i fjor, men er framleis under 2019-nivået før pandemien.

(saka held fram under)

Sunnmørsposten

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
140,5
127,2
Driftsresultat
22,4
8,4
Resultat før skatt
21,8
7,5

Eit hakk opp for Budstikka
Den økonomiske utviklinga for Romsdals Budstikke har vore stabil i fleire år. Inntekter på drygt 85 millionar er nokre få millionar opp frå året før.

Lønnsemda i 2021 blei også eit hakk betre enn året før og resultat før skatt på knappe 16 millionar, er det beste på meir enn 10 år for avisselskapet.

Budstikka ventar framleis vekst i driftsinntektene og hadde 35 årsverk ved inngangen til året, ifølgje årsrapporten.

(saka held fram under)

Romsdals Budstikke

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
85,6
82,3
Driftsresultat
15,5
14
Resultat før skatt
15,8
14,4
Vestlandsnytt

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
13,4
12,1
Driftsresultat
3,1
2
Resultat før skatt
3,1
2
Fjordabladet

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
11,8
10,6
Driftsresultat
1,5
1,1
Resultat før skatt
1,5
1,1
Åndalsnes Avis

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
13,7
13
Driftsresultat
1,8
2,2
Resultat før skatt
2
2,4
Driva distriktsavis

Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
12,7
11,4
Driftsresultat
1
0,5
Resultat før skatt
1,1
0,6

Publisert: 13.07.2022 05:00

Sist oppdatert: 13.07.2022 06:03

Mer om