Kort fortalt

Framleis helseattest for bilistar over 80

Nye reglar for kognitive testar.

20.05.2022

Det skal framleis krevjast helseattest av bilførarar over 80 år, men kognitive testar skal berre brukast i tilfelle der det er mistanke om kognitiv svikt.

Statens vegvesen og Helsedirektoratet vart av Stortinget bede om å greie ut konsekvensar av å fjerne kravet om helseattest.

Konklusjonen er at det kan føre til at fleire blir drepne eller hardt skadde i trafikkulykker fordi det er sannsynleg at fleire bilførarar køyrer utan å oppfylle helsekrava.

Dermed held ein fast ved kravet, men regjeringa presiserer i regelverket at kognitive testar berre skal nyttast ved mistanke om kognitiv svikt.

Det skal også bli lettare for fastlegen å vise eldre bilistar til vurdering hos Vegvesenet, og bruk av køyresimulator skal utgreiast.

Publisert: 20.05.2022 12:49

Sist oppdatert: 20.05.2022 12:51