Kort fortalt

Framleis høge konkurstal

Men endå verre i fjor.

04.03.2019
NPK: I februar vart 446 bedrifter slått konkurs eller tvangsavvikla av styresmaktene. Det er ein nedgang på 17,3 prosent samanlikna med same månad i fjor.
– Samtidig som konkurstala er betre enn på same tid i fjor, er tala framleis høge, og nokre bransjar slit veldig, seier kredittøkonom Per Einar Ruud i data- og analyseselskapet Bisnode i ei pressemelding.
6.244 bedrifter har gått over ende dei siste 12 månadene. Det er ein auke på 6,6 prosent samanlikna med same periode i fjor.
– Det er spesielt nokre bransjar som merkar presset. Butikkane har for lengst merka kampen mot netthandelen og slit med låge marginar, fortel Per Einar Ruud.
Mange store kjeder gjekk over ende i 2018, og denne utviklinga har halde fram inn i 2019.
– Viss butikkane ikkje bestiller varer eller ikkje betaler leverandørane sine, vil dette gi ringverknader, seier Ruud.
Bransjen Lagring og Transport opplever ein auke på så mykje som 42,6 prosent i talet på konkursar og tvangsavviklingar hittil i år.

Publisert: 04.03.2019 17:44

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35