Fyllingsgraden i kraftmagasina er lågare enn vanleg, men Statnett vurderer framleis at tilgangen på kraft er trygg gjennom vinteren.
Det opplyser dei i ei pressemelding tysdag.
– Sjølv om det er uvanlege tider med svært høge kraftprisar, er vår vurdering at det er tilfredsstillande tilgang på kraftressursar òg gjennom vinteren, seier Peer Olav Østli, som er konserndirektør for systemdrift i Statnett.
Dei meiner dermed det ikkje er behov for å signalisere ekstra tiltak no, men legg inn atterhald om at det kan skje uventa ting utover vinteren.
– Vi følgjer situasjonen tett og løpande. Dersom vi får periodar med uvanleg kaldt vêr, vil vi måtte revurdere situasjonen. Det same gjeld dersom vi på andre måtar får redusert tilgangen på kraft frå områda rundt oss, understrekar Østli.
Publisert: 18.01.2022 11:52
Sist oppdatert: 18.01.2022 11:53