Kort fortalt

Framleis lite vatn i magasina

Straumprisen gjekk likevel litt ned.

NPK
04.11.2021
(NPK): Det har regna mykje, men vassmagasina har framleis mindre vatn enn vanleg. Me må attende til 2006 for å finne same låge fyllingsgrad. Straumprisane har likevel gått ned grunna mildvêr og lågare forbruk.

Det har regna mykje i nokre veker, noko som gjev meir vatn i dei norske vassmagasina. Ved utgangen av veke 43 var magasina 71,3 prosent fulle. Etter ein uvanleg tørr sommar er det er likevel mindre enn vanleg.

På denne tida av året er medianen, basert på dei siste 20 åra, ein fyllingsgrad på 83,1 prosent.

Lågast er fyllingsgraden i Sørvest-Noreg, der er han nede på 61,4 prosent i veke 43. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) opplyste tysdag at fyllingsgraden i Aust-Noreg og Vest-Noreg var historisk låg i tredje kvartal.

– Fyllingsgraden har ikkje vore så låg i september sidan 2006, seier direktør i energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, Inga Nordberg.

Straumprisane har falle i det siste, i førre veke med 20 prosent i Sør-Noreg. Mildvêr og lågare forbruk bidrog til det, ifølgje direktoratet. Sør-Noreg har likevel den dyraste straumen i Norden, med 80 øre kilowattimen i snitt i tredje kvartal.

Kraftprisane har elles vore høge i heile Europa. Ein viktig årsak er høge brenselskostnadar.

– Når prisane på kol og gass stig, fører det også til høgare kraftprisar. I tillegg har prisen på CO2-kvotar auka, noko som også bidrar til å auke kostnaden på kraftproduksjon frå kol og gass, forklarer Nordberg.

(©NPK)

Publisert: 04.11.2021 15:19

Sist oppdatert: 04.11.2021 15:21

Mer om