Renta på uteståande bustadlån til hushald fall til 1,83 prosent i juni, medan renta på nye bustadlån var omtrent uendra. Det viser tal frå SSB.
Månadsstatistikken for renter frå eit utval av bankar og kredittføretak viser at for nye bustadlån til hushald fall renta med 0,01 prosentpoeng i juni til 1,75 prosent.
Ifølgje SSB er dette det lågaste nivået for denne perioden dei har registrert i perioden dei har data for, altså frå og med 2013.
Fastrenta på nye bustadlån vart redusert med 0,08 prosentpoeng til 2,26 prosent etter ein auke i dei sju tidlegare månadene. For nye bustadlån i alt med flytande rente fall renta marginalt til 1,74 prosent.
For uteståande bustadlån i alt har renta falle i alle månader sidan mars i fjor. Renta var i juni på 1,83 prosent, det er 0,02 prosentpoeng lågare enn førre månad. For uteståande utlån med flytande rente fall renta med 0,02 prosentpoeng til 1,78 prosent, medan fastrenta på uteståande utlån hadde ein nedgang på 0,05 prosentpoeng, til 2,56 prosent.
Innskotsrenta fall 0,01 prosentpoeng til 0,26 prosent i juni, noko som er det lågaste nivået SSB har data for.
Publisert: 13.08.2021 09:11
Sist oppdatert: 13.08.2021 09:12