Kort fortalt

Fredar momsfritaket for elbil

Regjeringa vil frede momsfritaket for elbil ut 2022.

09.09.2021

Regjeringa fører vidare momsfritaket for elbilar i budsjettforslaget sitt for 2022, seier næringsministeren.

Finansminister Jan Tore Sanner (H) uttalte i fjor at han ikkje ville love momsfritak for elbilar noko lenger enn til 2021. Esa gav i desember 2020 likevel grønt lys for norsk momsfritak på elbilar ut 2022.

Næringsminister Iselin Nybø (V) seier til Dagsavisen at regjeringa vil behalde elbilfordelane i budsjettet for 2022.

– Dei raudgrøne lover elbilmoms som vil gi bråbrems i for elbilar i distrikta. No går vi i spissen for å halde fram den norske elbilsuksessen. Venstre er den fremste garantisten for at folk framleis skal ha råd til å kjøpe seg ein god og driftssikker elbil når tida er inne for bilbyte, seier Nybø, som også er toppkandidat for Venstre i Rogaland.

Publisert: 09.09.2021 13:15

Sist oppdatert: 09.09.2021 13:17