Kort fortalt

Fremmar norsk klippfisk

– Både moglegheiter og utfordringar i Brasil.

20.10.2016
(NPK): – I meir enn 170 år har Brasil vore ein svært viktig marknad for norsk klippfisk, og moglegheitene er enorme, seier fiskeriminister Per Sandberg, som er på vitjing i Brasil.
– Men akkurat no slit vi litt med den norske klippfiskeksporten, seier fiskeriministeren.
I fjor eksporterte Noreg sjømat til landet, som har over 200 millionar innbyggjarar, for 928 millionar kroner. Det var ein nedgang i eksportverdien frå 2014 på 13 prosent. Så langt i år har den negative trenden for norsk sjømateksport til Brasil halde fram.
– Sjømatkonsumet blant Brasils innbyggjarar er aukande. Det er også etterspurnaden etter klippfiskprodukt. Likevel kan ein altså så langt ikkje sjå at norske produkt har vore med på denne veksten. Hushalda i Brasil ønskjer gryteklare produkt som er raske å lage til. Og nettopp her har den norske klippfisken møtt konkurranse frå lågkostland i tillegg til ein generelt krevjande periode for den brasilianske økonomien, seier Sandberg.
– Det må vi gjere noko med. Godt marknadsarbeid er heilt avgjerande. At vi har god kunnskap, og følgjer godt med på kva som rører seg i dei marknadene vi sel fisken til, er svært viktig for vidare vekst og utvikling for denne næringa, seier fiskeriministeren. (©NPK)

Publisert: 20.10.2016 08:04

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43