Kort fortalt

Frihandselsavtale med Storbritannia

Kan handle med Storbritannia etter den nye avtalen frå i dag.

01.12.2021

Frå onsdag 1. desember kan næringslivet ta i bruk frihandelsavtalen mellom Noreg og Storbritannia. – Gode nyheiter, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Noreg og Storbritannia signerte i sommar ein frihandelsavtale som skal sikre handelssambandet etter at Storbritannia gjekk ut av EU.

Avtalen kan no takast i bruk, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.

– Dette er gode og etterlengta nyheiter for norske bedrifter og arbeidsplassar. Føresetnadene er no på plass for at handelen med ein av dei viktigaste handelspartnarane våre kan halde fram med å vekse, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) i ei pressemelding.

I 2020 eksporterte norske bedrifter varer for nesten 135 milliardar kroner til Storbritannia, medan importen var på om lag 42 milliardar kroner.

(©NPK)

Publisert: 01.12.2021 11:19

Sist oppdatert: 01.12.2021 11:21