NPK-NTB: Frisørar og advokatar er dei yrka som scorar best på kor tilfredse kundane er. Breibandleverandørane har mange misnøgde privatkundar, ifølgje ei måling.
Ei måling uført av EPSI Rating viser at tannlegar, optikarar og fastlegar scorar høgt når det gjeld tilfredse kundar i privatsegmentet, men det er frisørar som tronar på topp.
– Bytebarrieren med frisørar er låg, og det er derfor heilt avgjerande at kundane har ei god oppleving slik at dei kjem tilbake, seier Fredrik Haust i EPSI Rating i ei pressemelding.
I bedriftssegmentet viser målinga at advokatane kjem best ut. Også reisebyrå og revisjonsselskap har tilfredse kundar.
Det var breibandleverandørane som hadde flest misnøgde privatkundar, ifølgje målinga.
EPSI Rating gjennomførte 20.000 djupneintervju av privatpersonar og bedrifter rundt om i Noreg i 2018.

Publisert: 18.03.2019 08:21
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35