Kort fortalt

Frp kraftig fram – Høgre stuper

Fersk måling viser endringar.

07.03.2024

(NPK-NTB): Frp forsyner seg grovt av Høgre på ei ny partimåling. Frp legg på seg 4,5 prosentpoeng til 16,3 prosent, medan Høgre fell 6,3 prosentpoeng til 24,9 prosent.

Tala kjem fram i marsmålinga som Opinion har gjort på vegner av Altinget og ABC Nyheter.

Frps 16,3 prosent er dei beste for partiet i Opinionsmåling sidan januar 2017, seier Martin Stubban i Opinion til ABC Nyheter. Ifølgje Stubban har heile 34.000 veljarar rømd frå Høgre til Framstegspartiet.

Samtidig fell Høgre med 6,3 prosentpoeng ned til 24,9 prosent.

– Høgre går signifikant tilbake. Dei fekk ei veldig høg måling i februar, så ho ser nok meir dramatisk ut enn ho er. Samanhengen er nok at dei har byrja å leke veljarar til Frp, samtidig som dei mobiliserer færre heimesitjarar, seier Stubban til Altinget.

Senterpartiet får 5,4 prosents oppslutning og er med det mindre enn både Venstre og Raudt.

Målinga i sin heilskap ser slik ut:

Raudt 5,8 (+1,2), SV 10,9 (-0,9), MDG 4,9 (+0,6), Ap 18,8 (+1,2), Sp 5,4 (+0,8), V 5,8 (-0,1), KrF 2,6 (-2,1), H 24,9 (-6,3), Frp 16,3 (+4,5), INP 1,4 (-2,1), Andre 3,1 (+2,2).

Partibarometeret er basert på 1000 telefonintervju i perioden 27. februar-4. mars. Det er in feilmargin mellom 1,0 og 3,2 prosentpoeng.

(©NTB)

Publisert: 07.03.2024 13:14

Sist oppdatert: 07.03.2024 13:14

Mer om