Kort fortalt

Frp opnar for å kutte i sjukelønna

04.11.2024

(NPK-NTB): Venstre har lenge vore det einaste partiet på Stortinget som vil kutte i sjukelønnsordninga, men no opnar også Frp opp for å kutte i sjukelønna.

– Det viktigaste for Frp er å få ein fullstendig gjennomgang av heile regelverket. Litt slik som arbeidsgivarane ønskjer seg, seier nestleiar Hans Andreas Limi i Frp til Klassekampen.

Limi er også leiar for programkomiteen i partiet. I eit forslag til eit nytt partiprogram står det at Frp vil «i større grad ansvarleggjere den enkelte arbeidstakar ved korttidssjukefråvær».

Venstre har lenge vore for ein reduksjon i sjukelønna, men dei vil i motsetning til Frp sjå meir på langtidssjukefråværet.

I dag får ein utbetalt 100 prosent lønn det første året du er sjuk. Venstre vil ha full sjukelønn dei første seks månadene, men gå ned til 80 prosent med mindre ein går over til gradert sjukmelding.

NHO, LO og dei andre partane i arbeidslivet sit for tida i forhandlingar om ein ny avtale for eit meir inkluderande arbeidsliv, betre kjent som IA-avtalen, der sjukelønnsordninga er eit heilt sentralt tema.

(©NPK)

Publisert: 04.11.2024 09:12

Sist oppdatert: 04.11.2024 09:12

Mer om