Kort fortalt

Frp størst i Møre og Romsdal

Ap og Sp stuper på fersk måling.

15.03.2023

(NPK-NTB): Det kan bli eit blåblåt valskred i Møre og Romsdal, ifølgje ei ny måling. På målinga veks Høgre og Frp kraftig, medan Ap og Sp stuper.

På meiningsmålinga InFact har gjort for Sunnmørsposten og Romsdals Budstikke er Frp det største partiet i fylket med ei oppslutning på 26,5 prosent. Høgre noterer seg 22,3 prosent – og for begge partia er det ein solid framgang: 9,4 prosentpoeng for Frp og 7,3 for Høgre.

Arbeidarpartiet fell derimot som ein stein og får berre 12,8 prosent, ned 5,3 prosentpoeng. Sp går tilbake 6,2 prosentpoeng til 11,7 prosent. Fagsjef Knut Weberg i InFact seier at tala er oppsiktsvekkjande. Han har aldri sett så store veljarrørsler som no.

– Framstegspartiet er dobbelt så stort som Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal. Der skil dette fylka seg frå andre fylke i landet, seier Weberg til Romsdals Budstikke.

For dei andre partia ser målinga slik ut: Raudt 2,9 (+1,1), SV 6,7 (+1,6), MDG 1,9 (-2,8), V 2,5 (-0,6), Krf 6,3 (+0,7), Andre 6,4 (-5,2).

Det blir opplyst at Feilmarginen er frå +/- 0,8 til +/- 2,7 prosentpoeng. 1.024 personar deltok i undersøkinga, som vart utført 7. mars.

(©NPK)

Publisert: 15.03.2023 16:31

Sist oppdatert: 15.03.2023 16:33

Mer om