Kort fortalt

Frp-topp takkar nei

Harald Tom Nesvik gir seg på Stortinget.

10.10.2016
(NPK-NTB-Mats Rønning): Framstegspartiets parlamentariske leiar Harald Tom Nesvik ønskjer likevel ikkje attval til Stortinget. No blir Sylvi Listhaug truleg listetoppen til Frp i Møre og Romsdal.
– Eg vil ikkje å binde meg for dei neste fem åra, men dette er verken eit farvel til partiet eller politikken, seier Nesvik til NTB.
Han gav opphavleg beskjed om at han ønskte å stille til attval, men i helga fekk nominasjonskomiteen endeleg beskjed om at det likevel ikkje er tilfelle.

Publisert: 10.10.2016 12:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44