Kort fortalt

Fryktar konkurs grunna straumprisen

Trøbbel for små- og mellomstore bedrifter.

28.09.2022
(NPK-NTB): Andelen bedrifter som fryktar konkurs på grunn av straumprisane har stige frå 14 prosent i august til 17 prosent i september.

Undersøkinga er gjord blant medlemmene i SMB Norge, interesseorganisasjon for små og mellomstore bedrifter.

– Viss politikarane ikkje får på plass ein meir treffsikker pakke snart, så mistar dei all truverd i denne saka. Norske bedrifter treng handling, og dei treng det no, seier sjef i SMB Norge Jørund Rytman i ei pressemelding.

Organisasjonen skriv også at berre fire prosent av medlemsbedriftene seier at straumpakken som regjeringa, NHO og Virke presenterte nyleg, vil vere til hjelp.

Dette trur han at mellom anna heng saman med kravet om at bedriftene ikkje kan ta ut utbytte viss dei skal kunne få straumstøtte. Ifølgje undersøkinga er rundt ein firedel av bedriftene avhengige av å ta ut utbytte for å dekkje formuesskatten.

– Dette handlar ikkje om at mangemillionærar skal sko seg ytterlegare. Dette er småbedriftseigarar som ofte tek ut mindre i lønn enn ein vanleg offentleg funksjonær. Ein stiller dei i ein frykteleg vanskeleg situasjon, seier Rytman.

(©NPK)

Publisert: 28.09.2022 17:15

Sist oppdatert: 28.09.2022 17:17

Mer om