Kort fortalt

Fryktar straum-konkursar

Småbedrifter vil ha straumstøtte.

NPK
12.08.2022

NPK: Kvar sjette småbedrift fryktar konkurs dersom regjeringa ikkje tek grep for å lette byrda med høge straumprisar i vinter.

– Det er openbert for oss at vi må få på plass ei straumpakke til bedriftene så fort som mogleg, seier Jørund Rytman, administrerande direktør i SMB Norge, i ei pressemelding.

Ei undersøking blant medlemsbedriftene til SMB viser at 52 prosent trur at andre halvår i 2022 blir verre enn eit «normalår». 50 prosent meiner at dei førebelse resultata for i år allereie er svakare eller mykje svakare samanlikna med eit «normalår».

– Medlemmene våre opplever situasjonen som ekstremt krevjande akkurat no, og mange er redde for framtida. seier Rytman.

Ifølgje Rytman har fleire bedrifter allereie byrja med omfattande tiltak for å redusere forbruket sitt til eit minimum og til eit vesentleg lågare forbruk enn på same tid i fjor. Likevel er straumrekninga høgare i år.

– Vi får førespurnader dagleg frå frustrerte bedriftseigarar som fortel om straumrekningar som er tre til fire gonger høgare enn i fjor. For ein sektor som ofte driv med låge marginar i utgangspunktet, får desse kostnadane store konsekvensar, understrekar Rytman.

Publisert: 12.08.2022 09:42

Sist oppdatert: 12.08.2022 09:43