Utestaden Tredet i Volda hamna tilbake på eit minusresultat i 2024, etter eit overskot i 2023, melder Sunnmørsposten.
Styreleiar Jens Dankertsen fortel at dei har gjort fleire tiltak for å snu situasjonen.
– Vi har ikkje redusert talet på tilsette, men for å spare kostnader har vi, etter samtalar med desse, justert kor mange det er som er på jobb til ei kvar tid. Eit anna grep er at vi i styret no tek oss av vaskinga etter helgene, seier han til avisa.
| Tredet | ||
| Tal i mill. kroner | 2024 | 2023 |
| Driftsinntekt | 5,3 | 6 |
| Driftsresultat | -0,7 | 0,5 |
| Resultat før skatt | -0,7 | 0,5 |
Publisert: 11.07.2025 11:48
Sist oppdatert: 11.07.2025 15:26






