Kort fortalt

Frå vondt til verre

Spår brutal vinter for offshorebransjen.

03.11.2016
(NPK-NTB): Dei komande vekene og månadene blir brutale for offshorereiarlaga, spår analytikar. Ved inngangen til 2015 var det null ankerhandterings- og supplyskip i opplag. No er det til saman 128.
Analytikar Inger-Louise Molvær i Westhore Shipbrokers, som er ein av dei tunge aktørane innan mekling av offshoretonnnasje, seier til at situasjonen blir verre før den blir betre.
– Kontraktar til prisar under break-even-nivå har no blitt heilt standard i bransjen og nøkkelen til å overleve er blitt til eit spel om kven som blør minst. Dette er i ferd med å utvikle seg til ei rein blodstyrting, meiner ho.
Aktiviteten til ankerhandteringsfartøya heng saman med om oljeselskapa borar nye brønnar. Tal frå Westshore viser at det no er 53 riggar i opplag i Nordsjøen, og Molvær ventar at det blir ytterlegare ti før nyttår. På verdsbasis er halvparten av riggane utan oppdrag.
Molvær ser ingen teikn til betring før tidlegast i andre kvartal neste år.
– Reiarlaga har valet mellom å fortsette som no eller å ta inn over seg realitetane. Eg vil heilt klart anbefale det siste, som blant anna inneber å legge fleire skip i opplag for å få betre balanse mellom tilbod og etterspørsel. Dessutan er bransjen openbert moden for konsolidering. Det er omtrent 400 offshoreskip i Nordsjøen som er eigde eller drivne av heile 70 forskjellige aktørar, seier ho. (©NPK)

Publisert: 03.11.2016 08:21

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:43