Kort fortalt

Full lønsstopp for lågast lønte

Betydeleg auke for høgast lønte.

25.02.2019
NPK-NTB: Mens dei 10 prosentane med høgast lønn i Noreg har fått ein reallønnsvekst på 15 prosent det siste tiåret, har dei 10 prosentane med lågast lønn stått stille.
Det viser tal frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera (TBU) og Statistisk sentralbyrå (SSB), skriv Dagsavisen.
I 2008 hadde dei 10 prosentane som hadde lågast lønn, ei gjennomsnittslønn på 231.000 kroner. Ti år seinare låg snittlønna på 285.000 kroner for den same gruppa. Det svarer til ein lønnsvekst på 23 prosent, som òg svarer til prisveksten i Noreg, ifølgje konsumprisindeksen. Dermed er reallønnsveksten på nøyaktig 0 prosent for dei 10 prosentane med lågast lønn.
– Det bekymrar oss at vi ikkje når dei gruppene der tillitsvalde og tariffavtalar ikkje er på plass, seier LOs nestleiar Peggy Hessen Følsvik. Til samanlikning har lønnsveksten lege på 38 prosent for dei 10 prosentane med høgast lønn.
Høgare lønn til dei med lågast lønn er eitt av krava til LO før lønnsoppgjeret i vår. Følsvik åtvarar mot konsekvensane dersom forskjellane ikkje blir reduserte.
– Dette skaper auka skilnader. Det gir igjen grobotn for alvorlege sosiale problem og auka konfliktnivå. Til sjuande og sist kan det true heile samfunnsmodellen vår, seier Følsvik.

Publisert: 25.02.2019 08:27

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35