Fullbooka til prinsessebryllaup
Geiranger-hotell utselt på ein halvtime.
Alle romma ved Hotel Utsikten i Geiranger blei leigd ut på kort tid, etter nyheita om prinsessebryllaupet blei kjent. Det skriv lokalavisa Nyss.
Som kjent skal Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett gifte seg ved Hotel Union Geiranger siste helga i august neste år.
– Vi skjønte ikkje kva som skjedde då plutseleg alle telefonane starta å ringe på onsdag. Vi vart fullbooka på under ein halvtime. Eg hadde inntrykk av at det var hovudsakeleg pressefolk det var snakk om, seier hotelldirektør Jelle Dobma ved Hotel Utsikten til avisa.
Fleire andre hotell merka også pågangen og Havila Hotel Geiranger har berre nokre få rom att i bryllaupshelga.
Publisert: 18.09.2023 16:57
Sist oppdatert: 18.09.2023 16:57