Kort fortalt

Fylkesrådmann unngjekk mistillit

Men måtte beklage sterkt i Fjord1-saka.

19.10.2016
(NPK): Fylkesrådmann Tore Eriksen i Sogn og Fjordane beklaga på det sterkaste lovbrotet i Fjord1-saka, men unngjekk mistillitsframlegg frå fylkestinget.
Dei 14 representantane frå Ap, Frp, MDG og Venstre meinte saka er så alvorleg at det gav grunnlag for å uttrykkje mistillit til Eriksen. Men han vart berga av fleirtalet på 17 stemmer frå Høgre, KrF, Sp og SV, skriv Firda.
Ein granskingsrapport synte tidlegare i månaden at fylkesrådmannen braut anbodslova då han plukka ut konsulentar til salet av Fjord1. Då Eriksen måtte svare for seg for fylkestinget tysdag, la han seg flat.
– Eg vedgår at det er gjort feil i denne saka. Dette beklagar eg. Både overfor fylkesordføraren og overfor fylkestinget, sa Eriksen ifølgje Sogn Avis.
Det var Hilmar Høl frå Arbeidarpartiet som reiste framlegget om mistillit. Han fekk støtte frå Alfred Bjørlo (Venstre) og Marita Aarvik (Frp).
– Dette er ei så alvorleg sak at ho burde ført til oppseiing, sa Aarvik.
Kontrollutvalet i Sogn og Fjordane fylkeskommune har tidlegare slått fast at konsulentkjøpa var i strid med lova i seks av sju konsulentinnkjøp. Likevel meinte fire av partia at Eriksen bør få behalde jobben.
– Det blir ikkje lett å få gode søkjarar til stillingar i fylkeskommunen om ein skal sparke kvar leiar som gjer ein feil, sa KrF-gruppeleiar Trude Brosvik i førre veke. (©NPK)

Publisert: 19.10.2016 07:25

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44