Kort fortalt

Få problem med varetilgang

NHO-undersøking.

15.11.2021
(NPK-NTB). Berre fem prosent av handelsnæringa opplever betydelege problem med varetilgangen til jul.

Ein tredel av handelsnæringa opplever enkelte mindre problem med varetilgangen, ifølgje NHOs medlemsundersøking.
Berre fem prosent opplever betydelege problem. Det er godt nytt for forbrukarar, seier direktør for handel i NHO Service og Handel, Linda Vist.

– Forbrukarane vil i all hovudsak vil oppleve butikkar med godt utval.

Det kan likevel hende at det er færre variantar av eit produkt i butikken.

– Nokre varer vil det framleis vere vanskeleg tilgang på, som eksempelvis varer med elektrokomponentar, men dette betyr ikkje tomme hyller i butikkar fordi varemangfaldet gir mykje å velje i, seier Vist.

Ho trur det hovudsakleg er mindre aktørar innan faghandel som kan oppleve varetilgangen som krevjande.

Mange innan handel opplever auka kostnader, men det er ikkje venta at prisane vil auke til julehandelen. Mellom anna skal fraktprisar frå Kina og andre austasiatiske land ha seksdobla seg, ifølgje NHO.

(©NPK)

Publisert: 15.11.2021 15:16

Sist oppdatert: 15.11.2021 15:20

Mer om