Kort fortalt

Får ekstrarekning for koronatiltak

Vedum jobbar med forslag til Stortinget.

02.12.2021

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) veit førebels ikkje kva dei økonomiske krisetiltaka vil koste. Han vil be Stortinget om meir pengar.

Då regjeringa stramma inn koronatiltaka torsdag, la Vedum fram fleire tiltak for å bøte på dei økonomiske følgjene for næringslivet, kulturlivet og idretten.

Mellom anna vil staten ta ein større del av rekninga for arbeidstakarars sjukefråvær fram til 1. juli neste år. Dessutan vil ordningane som har vore på plass for kulturlivet, idretten og det frivillige, bli forlengd.

I tillegg blir den kommunale kompensasjonsordninga på 200 millionar kroner ståande til januar, og Vedum seier regjeringa vil komme tilbake til ei eventuell vidareføring etter nyttår.

Reknar på prisen

Kor mykje desse tiltaka vil koste, er ikkje klart.

– Vi må sjå kor store budsjettkonsekvensar dette vil få, det er for tidleg å seie, seier Vedum til NTB.

Tiltaka vil bety at regjeringa må plusse på budsjettet som regjeringspartia vart samde om med SV så seint som denne veka. Regjeringa vil komme med ei sak til Stortinget om dette, opplyser Finansdepartementet. Det er uvisst nøyaktig når dette vil skje, men Vedum reknar med at saka kan leggjast fram for Stortinget i januar.

Vedum opplyser at arbeidet med dette allereie er i gang.

– Med ein gong vi bestemde dette i dag, byrja vi på dette arbeidet, sånn at vi får alle vedtaka på plass, seier Vedum.

– Eg er heilt sikker på at det er noko Stortinget vil slutte seg til, for det er jo ikkje sånn at kassa er tom i januar, legg han til.

Ber om meir

Næringslivet rosar regjeringa for å ta grep, men etterlyser kraftigare verkemiddel. NHO og Virke ber begge om at Vedum gjeninnfører ei nasjonal kompensasjonsordning.

NHO ønskjer òg at arbeidsgivarperioden ved sjukefråvær blir redusert til tre dagar, og at arbeidsgivarperioden ved permittering blir redusert til fem dagar.

Vedum forsvarer innretninga til regjeringa.

– Verken regjeringa eller nokon andre er fornøgde med situasjonen vi er i. Vi skulle ønskje smitten var borte. Men eg trur NHO og alle er glade for at vi går frå dag 16 til dag 6, seier Vedum.

– Dette gjer vi heilt på eigen kjøl og med ein einaste gong. Så det vil i første omgang opplevast som ei forbetring, legg finansministeren til.

(©NPK)

Publisert: 02.12.2021 18:23

Sist oppdatert: 03.12.2021 00:46

Mer om