Kort fortalt

Får konkurranse om hydrogenferje

Også skottar vil vere først.

04.03.2019
NPK: Nyleg presenterte Norled teikningane til det som skal bli den første hydrogenferja i verda. No får reiarlaget konkurranse frå Skottland om å vera først ute.
I januar skreiv Norled og Statens vegvesen ferjekontrakt for Hjelmelandssambandet i Rogaland. Før helga kom teikningane som viser korleis den første hydrogenferja i verda blir sjåande ut.
Norled skal velja verft før påske, men reiarlaget er ikkje åleine om å satsa på hydrogenferje. Reiarlaget Ferguson Marine i Skottland melder at dei også skal bygga den første hydrogenferja i verda, skriv . Bygginga skal skje ved eit verft i Glasgow.
Det var som først skreiv om saka, og nettstaden fortel at verftet har fått pengar frå EU til ferja kalla HySeas III. Ferja skal etter planen gå i rute mellom Orknøyene.
Norled kjenner til prosjektet i Skottland, men er sikker på at skottane ikkje kjem dei i forkjøpet.
– Nei, eg trur me blir først. Dette er jo eit konkret prosjekt der me har kontrakt med Statens vegvesen og har forplikta oss til å levera, seier teknisk direktør Sigvald Breivik i Norled til E24

Publisert: 04.03.2019 10:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35