Kort fortalt

Får kritikk for bilfrakt-kutt

Fleire kystordførarar reagerer på både avgjerda og forklaringane til Havila Kystruten.

16.01.2023

Reiarlaget vil ikkje lenger vil frakte elbilar, hybridbilar og hydrogenbilar opp og ned langs kysten, og peiker på tryggleiken som ein av grunnane til at dei no berre tek om bord bilar som går på fossilt drivstoff. Men også frakt av fossile bilar avgrensa, skriv NRK. .

Frå no lét reiarlaget berre folk køyre bilen av eller på i Bergen og Kirkenes. I dei 32 andre anløpsstadene set dei foten ned, og grunngjev det med tidvatnet.

– Det går på vinkelen på lasterampa. Nokre gonger står vi høgare på grunn av tidvatnet, og andre gangarar lågare, seier kommunikasjonssjef i Havila Kystruten, Lasse A. Vangstein, til NRK.

Der variasjonen i tidvatnet er stor skal det kunne oppstå skadar på både skip og frakt.

– Det er ikkje noko krav i avtalen vår med Samferdselsdepartementet om å frakte privatbilar. Kravet er gods- og passasjertrafikk. Det har vore fokuset ved design av skipet, seier Vangstein til NRK:

Oppdraget med å betene kystruta i Noreg vart delt i 2018. Hurtigruten heldt fram med sju skip, medan nye Havila Kystruten bestilte fire nye. Grunna leveringsproblem er berre to av dei i drift.

Hurtigruten vil halde fram med å frakte bilar, uansett drivstofftype, i alle 34 hamnene på kystruta. Hurtigruten opplyser til NRK at dei i 2019 frakta 22.000 bilar og at dei har teke høgd for både tidvatn og veit kor mykje plass dei treng til gods om bord. Dei meiner Havilas avgjerd om å kutte ut frakt av bilar i 32 hamner også slår negativt ut for Hurtigruten, fordi kystbefolkninga i mindre grad kan vite at kystruta er der for dei når dei treng ho.

Avgjerda om å kutte frakt av bil i dei fleste hamner blir møtt med lita forståing hos ordførarar langs kystruta, som meiner kysten blir skadelidande. I 2019 sa dåverande administrerande direktør i Havila, Arild Myrvoll, at bilfrakt framleis skulle vere eit tilbod for dei reisande:

– Vi veit kor viktig dette er for folk langs kysten og for dei reisande. Derfor har vi lagt dette inn som ein del av tilbodet Havila Kystruten skal gi, uttalte Havila-sjefen då.

Publisert: 16.01.2023 15:51

Sist oppdatert: 16.01.2023 15:53

Mer om