Får svakare resultat
Bakgrunnen er høge straumprisar.
To av tre bedrifter i Vestland oppgir at prisauken mellom anna på straum vil føre til ein stor eller middels reduksjon i driftsresultatet.
Det går fram av NHOs medlemsundersøking i april.
90 prosent av bedriftene har måtta slite med auka innkjøpspriser dei siste månadene. I tillegg fortel 22 prosent at aktiviteten i bedriften blir påvirka negativt fordi dei ikkje får tak i nok av innsatsfaktorane dei treng i drifta.
Det er bedrifter i bygg og anleggsbransjen som slit mest med auka utgifter. Men også heile transportnæringa og industrien slit med auka kostnader og opplever flaskehalsproblem i etterkant av invasjonen av Ukraina, ifølgje undersøkinga.
Regiondirektør Helene Frihammer er bekymra for at lågare driftsresultat og større uvisse skal påvirke både investeringslysten og -evna til bedriftene.
Publisert: 07.04.2022 18:06
Sist oppdatert: 07.04.2022 18:07