Skattemelding skjermfoto IKKE GJENBRUK
Skatteetaten åtvarar mot falske e‑postar og SMS-ar som ber om lenkeklikk eller bankopplysningar. Foto: Skatteetaten/NTB/NPK
Kort fortalt

Fått igjen på skatten? Ikkje la deg lure

Svindlarar ber om restskatt på Vipps.

11.03.2026

(NPK-NTB): Stadig meir utspekulerte svindlarar prøver å lure nordmenn som ventar på skattemeldinga, åtvarar Skatteetaten.

– Nytt i år er at enkelte har vorte kontakta på telefon med beskjed om å betale krav på Vipps. Skatteetaten vil aldri ringe deg for å be deg om å betale restskatt via Vipps, seier Ragna Fossen, leiar for tryggleik og beredskap i Skatteetaten, til NTB.

Skatteetaten åtvarar mot å trykkje på lenker. Dei sender aldri lenker du skal trykkje på i samband med skattemelding og skatteoppgjer.

– Om du får meldingar som ser ut til å vere frå oss, og som ber deg klikke på lenker for å betale, få pengar tilbake eller registrere skatteinformasjon, er det svindel, seier ho.

Når det kjem beskjed frå skattestyresmakta, må du sjølv skrive inn adressa i nettlesaren. Skatteetaten seier dei aldri sender lenkene uoppmoda på e-post eller SMS. Dei ringjer heller ikkje uoppmoda i samband med skattemeldinga.

Måndag byrja Skatteetaten å sende ut meldingane, men framleis er det mange som ikkje har fått ho. Mange har likevel fått e-post frå svindlarar som gir seg ut for å vere Skatteetaten. Fleire av dei ser proffe ut, med Skatteetatens logo og feilfritt språk.

Skatteetaten har laga desse tipsa for ikkje å bli lurt:

  1.  Sjå nøye på sms og e-postar du får. Ta ei kritisk vurdering av e-posten og sjekk sendar, tenk over om dette kan vere rett. Sunn skepsis er aldri feil.
  2. Samanlikn e-postadressa med tidlegare ekte e-postar. Sjå spesielt etter falsk avsendaradresse, dårleg språk og stavefeil. Dei kriminelle blir stadig flinkare til å produsere falske e-postar og sms.
  3. Ver særleg merksam om du i ein sms eller e-post blir beden om å oppgi sensitive opplysningar som kontonummer eller tryggingskodar.
  4. Ikkje opne vedlegg frå ukjende, klikk ikkje på lenker ukritisk og skriv sjølv inn internettadresser i nettlesaren.
  5. Spesielt på mobil kan det vere freistande å klikke på ei lenke i farten, ikkje gjer det.
  6. Er du i tvil, dobbelsjekk med den rette avsendaren på til dømes skatteetaten.no eller ta ein telefon til oss på 800 80 000.

    Kjelde: Skatteetaten.no

(©NPK)

Publisert: 11.03.2026 10:22

Sist oppdatert: 11.03.2026 10:22

Mer om