Kort fortalt

Færrast trafikkdrepte nokon gong

Ingen miste livet i Møre og Romsdal.

01.12.2021

(NPK-NTB): Til saman har 80 personar mista livet i trafikken på norske vegar hittil i år. Det er tre færre enn til same tid i fjor og det lågaste talet nokosinne.

I november mista fire personar mista livet, tre færre enn i same månad i fjor. Noreg har heller aldri før hatt så låge dødstal i novembertrafikken, viser tal frå Trygg Trafikk og Statens vegvesen.

Dei døde i november i år var tre bilførarar og ein motorsyklist.

For 10 år sidan døydde tre gonger så mange på vegane. 13 personar omkom i november 2011. Totalt det året omkom 169 personar, om lag dobbelt så mange som prognosen for 2021.

– Årsaka til nedgangen veit vi ikkje noko om, men vi veit at det dessverre framleis er for mange menneskeliv som går tapt i trafikken, seier seniorrådgivar Bård Morten Johansen i Trygg Trafikk.

Nedgang i fleire fylke
Fylka med nedgang så langt i år er Vestfold og Telemark, Oslo, Nordland, og Møre og Romsdal.

I Møre og Romsdal har fire miste livet ved utgangen av november. I fjor miste sju personar livet i trafikken her i fylket.

I Vestfold og Telemark har fem personar omkomme i trafikken hittil i år, medan det i fjor på same tidspunkt var tolv.

I Nordland er tilsvarande tal tre i år mot åtte i fjor, og i Oslo har éin person omkomme i år mot fem i fjor. I Viken har 21 personar mista livet i trafikken så langt i år, to fleire enn til same tid i fjor.

Merksemd
Guro Ranes i Statens vegvesen slår eit slag for merksemd i trafikken når vi no går inn i ein travel førjulstid.

– Det har vore mykje snakk om bruk av mobiltelefon medan ein køyrer den siste tida. Men det er berre ein av alle dei små merksemdstjuvane som tek merksemda vår i trafikken. Vi dagdrøymer, et, byter radiokanal, sminkar oss og les kart, seier ho.

(©NPK)

Publisert: 01.12.2021 08:11

Sist oppdatert: 01.12.2021 08:15

Mer om