(NPK-NTB): Regjeringa trur no at det kjem maksimalt 3.550 asylsøkarar til Noreg i år. Prognosen er mykje lågare enn for berre eit halvt år sidan.
Ikkje sidan 1997 har det komme færre asylsøkarar til landet, om den oppdaterte prognosen slår til, ifølgje Justisdepartementet. I samband med revidert nasjonalbudsjett i mai var overslaget på rundt 25.000 nye asylsøkarar på årsbasis.
No er overslaget på 3.550 asylsøkarar, 3.300 «ordinære» pluss 250 gjennom EUs relokasjonsprogram.
For einslege, mindreårige asylsøkjarar er prognosen redusert frå 4.000 til 400 personar.
Så langt i år, med to og ein halv månad igjen til årsskiftet, har det komme omkring 2.660 asylsøkarar til Noreg. Viss prognosen slår til, blir det det lågaste talet på asylsøkarar sidan 1997, da det kom 2.271 personar søkte om asyl i Noreg. (©NPK)

Publisert: 17.10.2016 19:44
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44