Kort fortalt

Færre byter kraftleverandør

Mange bytte leverandør vinteren 2021/2022.

13.09.2022

Talet på leverandørbyte blant norske straumkundar har ikkje vore lågare sidan 2019, ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Hushald bytte kraftleverandør 95.000 gonger i andre kvartal i år. Samanlikna med andre kvartal 2021 er det nedgang i leverandørbyte på 16 prosent, og 21 prosent samanlikna med 2020. Talet på leverandørbyte i andre kvartal var på 43 prosent lågare enn i første kvartal.

– Dette er det lågaste talet på byte registrert sidan Elhubs oppstart i januar 2019, trass i høge straumprisar og mykje mediemerksemd. Ei årsak til det låge talet på leverandørbyte kan vere at mange hushald bytte leverandør vinteren 2021/22, seier seksjonsleiar Torfinn Jonassen i NVE.

Næringskundar byter kraftleverandør omtrent 10.000 gonger i løpet av andre kvartal, som ligg nærare normalen. Vi ser derfor ikkje den same nedgangen som for hushald.

Publisert: 13.09.2022 08:05

Sist oppdatert: 13.09.2022 08:06

Mer om