Kort fortalt

Færre dosar til 24 kommunar

Helseministeren med avklaring.

26.05.2021

(NPK-NTB): For at ingen kommunar skal måtte gi frå seg meir enn 35 prosent av vaksinedosane sine, reduserer regjeringa det først tenkte talet til 24 kommunar med høgt smittetrykk.

Nye utrekningar frå FHI viser at ei omfordeling av vaksinedosar på 60 prosent inneber at kommunar med lågt smittetrykk må gi frå seg betydeleg meir enn 35 prosent av vaksinane.

For å unngå at kommunar må gi frå seg meir enn planlagt, er omfordelinga nedjustert til 45 prosent til dei kommunane som skal få ekstra dosar, kunngjorde helseminister Bent Høie (H) på koronapressekonferansen til regjeringa onsdag ettermiddag.

I utgangspunktet hadde regjeringa sagt at dei 24 austlandskommunane med høgt smittetrykk skulle få 60 prosent fleire vaksinedosar.

FHI slår fast at tidsplanen for vaksinasjon i sommar ikkje vil få nokon betydeleg endring, og at det vil ha god effekt.

– At grensa blir behalden på om lag 35 prosent, reduserer risikoen for forseinkingar i kommunane. Talet på vaksinedosar til Noreg kjem til å auke mykje i vekene som kjem. Vaksinasjonen i kommunane kjem ikkje til å stoppe opp på grunn av omfordelinga, men den kjem til å gå fortare i dei 24 kommunane som får ekstra dosar, seier Høye.

Bakgrunnen for dei nye tala er at fleire kommunar er tekne med i oversikta over kommunar som ikkje får nedjustert talet på dosar. FHI har òg sett på praktiske forhold rundt fordeling av vaksinar som ikkje var teken høgd for i dei tidlegare anslaga.

(©NPK)

Publisert: 26.05.2021 13:59

Sist oppdatert: 26.05.2021 14:12

Mer om