Kort fortalt

Færre dødsfall, fleire forlis

Seks omkom i næringsfartøyulykker i 2021

27.01.2022

NPK-NTB: Det var færre døde i næringsfartøyulykker i 2021 trass i ein auke i talet på skipsulykker, arbeidsulykker og forlis, viser tal frå Sjøfartsdirektoratet.

Fire av dødsulykkene skjedde på fiskefartøy, og to på lasteskip, opplyser direktoratet.

– Sjølv om det blir gjort eit godt stykke arbeid ute i næringa, og i direktoratet, for å få desse tala ned, så må ein dessverre framleis konstatere at det også i 2021 var tilsette på skip som ikkje kom heim frå arbeid, seier sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Talet på omkomne for 2021 er på eit lågt nivå statistisk, og sidan 2008 har talet på omkomne berre vore lågare i 2019. Talet på skipsulykker har likevel auka i 2021.

Sjøfartsdirektoratet registrerte i fjor i alt 345 skadar med eller på fartøy.

– For direktoratet blir det viktig no å få betre innsikt i kvifor vi ser ein så kraftig auke. Sjølv om noko kan forklarast med auka aktivitet og krevjande tider gjennom pandemien, så blir ein nøydd til å sjå på dette grundigare, seier Hareide.

Sjøfartsdirektøren påpeikar samtidig at noko av auken nok kan forklarast med betre rapportering av ulykker.

Publisert: 27.01.2022 07:21

Sist oppdatert: 27.01.2022 07:23