Kort fortalt

Under 130 bedrifter med fastprisavtale

Laber interesse.

Marius Rosbach
12.01.2023
(NPK-NTB-Bibiana Piene): Berre i underkant av 130 av Noregs vel 200.000 bedrifter har så langt inngått fastprisavtalar på straum. – Avtalane må bli betre, seier statsministeren.

Regjeringa har omtalt fastprisavtalar som «plan A, B og C» når det gjeld å handtere straumpriskrisa i Bedrifts-Noreg.

Men så langt har interessa vore heller laber.

Ifølgje ei rundspørjing som Europower har gjennomført denne veka, har 47 bedrifter inngått ein fastprisavtale med Statkraft, medan 80 har inngått avtale med Lyse. Altså til saman 127 bedrifter.

Noreg har i dag 208.800 bedrifter med éin eller fleire tilsette, ifølgje tal frå SSB. Det betyr at så langt har berre 6 promille av bedriftene inngått ein fastprisavtale på straum.

Konfrontert med tala har statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) éin konklusjon: – Avtalane må bli betre, seier han til NTB.

Rundt 90 prosent av kraftselskapa i Noreg er offentleg eigd av kommunar, fylkeskommunar og staten.

På spørsmål frå NTB om korleis han synest kraftselskapa har følgt opp oppmodinga frå regjeringa om å tilby gode nok fastprisavtalar, svarer Støre:

– Dei kan gjere det betre. Og fleire kan melde seg på. Det finst ei lang rekkje kraftselskap som ikkje har komme med tilbod.

– Ei klar oppmoding, altså?

– Ja. Ei oppmoding og ei forventning.

– Kva skjer dersom dei ikkje følgjer opp?

– Det får vi komme tilbake til.

Fire kraftprodusentar tilbyr i dag fastprisavtalar – Statkraft (gjennom straumselskapa Fjordkraft og Fortum), Lyse, Hafslund og Å Energi. Av desse er det berre Statkraft og Lyse som har inngått avtalar, viser oversikta frå Europower.

Publisert: 12.01.2023 08:23

Sist oppdatert: 12.01.2023 11:04

Mer om