(NPK): I fjor var dødelegheita hos oppdrettslaks i sjøen på 15,4 prosent, som er ned frå 16,7 året før.
Ifølgje månadlege rapporteringar av tapstal vart det registrert 57,8 millionar døde oppdrettslaks i sjøfasen i 2024. Dette er tal oppdrettarane sjølve har meldt inn til Fiskeridirektoratet.
– Tala viser at den oppgangen vi har hatt i døying dei siste åra heldigvis ikkje heldt fram i 2024. Om dette er starten på ein ny trend er for tidleg å seie, men vi ser at mange oppdrettarar jobbar målretta med ulike strategiar for å få ned dødelegheita, seier avdelingsdirektør for fiskehelse og fiskevelferd ved Veterinærinstituttet, Ingunn Sommerset, i ei pressemelding.
Det kan komme endringar i talgrunnlaget for 2024 på grunn av etterrapporteringer. Dette kan gi nokon mindre korreksjon på desse overordna tala.
(©NPK)
Publisert: 18.02.2025 09:50
Sist oppdatert: 18.02.2025 09:50