Kort fortalt

Færre får til å kjøpe sin første bustad

Og fleire kjøper saman med andre.

16.12.2022

(NPK-NTB): I år har det vore ein nedgang i talet på førstegongskjøparar i Noreg. Fleire av dei som kjøper sin første bustad, deler han med nokon.

Talet på førstegongskjøparar i Noreg har auka heile vegen sidan 2017. Men dei tre første kvartala i år har det gått nedover, viser fersk statistikk frå Norges Eiendomsmeglerforbund, Ambita og Samfunnsøkonomisk Analyse.

Medan førstegongskjøparane klarte seg godt etter koronautbrotet i 2020 og gjennom 2021, har altså færre komme inn på bustadmarknaden i år.

Samkjøperindeksen viser dessutan at mange førstegongskjøparar kjøper saman med andre. Særleg i Oslo har fleire slått seg saman når dei kjøper for første gong.

– Førstegongskjøparane er meir rente- og priskjenslevare enn andre bustadkjøparar. Når renta blir sett opp i eit forrykande tempo, er det inga overrasking at det blir færre førstegongskjøparar, seier administrerande direktør i Norges Eiendomsmeglerforbund Carl O. Geving.

Han trur førstegongskjøparane vil komme sterkt tilbake fordi bruktbustad-prisane vil gå ned.

(©NPK)

Publisert: 16.12.2022 11:46

Sist oppdatert: 16.12.2022 11:47

Mer om