(NPK-NTB): Færre enn seks av ti alderspensjonistar i alderen 62 til 66 år jobbar ved sida av å ta imot alderspensjon.
Frå same periode i fjor har det vore ein nedgang på 2 prosentpoeng til 57 prosent i denne aldersgruppa som kombinerer jobb og pensjon.
– Nedgangen har samanheng med nedgangskonjunkturen dei siste åra og den aukande arbeidsløysa blant seniorar. Talet på arbeidsledige over 60 år auka med 20 prosent frå juni 2015 til juni 2016, seier seksjonssjef Ole Christian Lien i Nav.
Blant 62 år gamle alderspensjonistar er det sju av ti som kombinerer pensjon og arbeid. Delen søkk til knapt fem av ti ved 66 år. I aldersgruppa 67– 69 år er omtrent éin av seks i arbeid.
– Det er urovekkjande at færre jobbar ved sida av alderspensjonen. Aldringa av befolkninga vil medføre at Noreg vil mangle arbeidskraft på sikt, og høg sysselsetting blant seniorane er også nødvendig for å sikre berekrafta til pensjonssystemet framover, seier Lien.

Publisert: 14.09.2016 15:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44