Kort fortalt

Færre jobbar å finne

Olje og gass dreg ned.

08.09.2016
(NPK-NTB): Talet på ledige stillingar i arbeidslivet var 10 prosent lågare andre kvartal i år enn i same perioden i 2015. Nedgangen er størst i olje- og gass-sektoren.
I andre kvartal 2016 var det totalt 56.700 ledige stillingar her i landet. Det er 6.500 færre enn i same kvartalet i fjor, viser tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Under posten bergverksdrift og utvinning – som mellom anna omfattar stillingar i olje- og gassindustrien – var det berre 200 ledige stillingar i andre kvartal i år, mot 600 i same kvartal i fjor. I 2012 var talet til samanlikning ikkje mindre enn 2.500.
I byggje- og anleggsverksemda gjekk talet på ledige stillingar kraftig ned med 2.900 frå andrekvartalet i 2015 til same periode i år. Det svarer til ein nedgang på 45 prosent. SSB gjer merksam på at talet på ledige stillingar i denne perioden i 2015 var uvanleg høgt. Likevel er dette det lågaste talet på ledige stillingar på seks år, i alt 3.500.
I visse næringar er det framleis nokså lett å få seg arbeid. Både i varehandel, motorvognreparasjonar, informasjon og kommunikasjon var det fleire ledige stillingar i andre kvartal i år enn i fjor på same tid. (©NPK)

Publisert: 08.09.2016 21:26

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44