Kort fortalt

Færre kjøper bustad for utleige

Auka press i utleigemarknaden.

06.12.2022

(NPK-NTB): Nordmenn som eig to eller fleire bustader til utleige har falle til eit nytt botnnivå i tredje kvartal, noko som har auka presset på leigemarknaden.

Det viser statistikk frå Norges Eiendomsmeglerforbund, Ambita og Samfunnsøkonomisk Analyse.

Nedgangen er særleg tydeleg i Oslo, der tilgangen på bustader er låg og utlånsforskrifta stiller spesielle krav til investeringar i sekundærbustad.

Auka formuesskatt på sekundærbustad, aukande renter og forventningar og relativ moderat bustadprisvekst framover har bidrege til nedgangen.

Gjenopninga av landet og økonomien etter pandemien, og dessutan høg tilstrøyming av ukrainske flyktningar, har auka etterspurnaden på leigemarknaden.

(©NPK)

Publisert: 06.12.2022 14:56

Sist oppdatert: 06.12.2022 14:57

Mer om