Kort fortalt

Færre konkursar i 2021

Ned 34 prosent frå førre normalår.

26.01.2022

(NPK-NTB): Det vart opna 3.325 konkursar i 2021, ein nedgang på 19 prosent frå året før. Samanlikna med 2019, altså før pandemien, er nedgangen på 34 prosent.

Den største prosentvise nedgangen er i Troms og Finnmark med 39 prosent færre konkursar i 2021 enn året før, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Deretter følgde Nordland med ein nedgang på 34 prosent frå 2020.

I alle fylke gjekk talet på konkursar ned. Ser ein på det totale talet på konkursar er det størst nedgang i Oslo med 218 færre konkursar. Deretter følgjer Vestfold og Telemark med 95 færre konkursar.

Åtte av ti konkursar, i alt 2.688, var bedriftskonkursar, noko som ikkje omfattar enkeltpersonføretak. Dette svarer til ein nedgang på 24 prosent. Bygg- og anleggsbedrifter stod for 29 prosent av konkursane.

Dei resterande 637 konkursane, 16 prosent færre enn året før, var enkeltpersonføretak og personlege konkursar. Her var 42 prosent av konkursane innan bygg- og anlegg.

Også talet på konkursar i fjerde kvartal i fjor viser ein nedgang frå same periode i 2020.

(©NPK)

Publisert: 26.01.2022 10:32

Sist oppdatert: 26.01.2022 10:32

Mer om