Kort fortalt

Færre ledige jobbar i andre kvartal

29.08.2023

(NPK-NTB): I over eit år har det vorte stadig fleire ledige stillingar på den norske arbeidsmarknaden. No kjem det ei kraftig oppbremsing.

Totalt fell talet på ledige stillingar med vel ti prosent, skriv Statistisk sentralbyrå.

Sesongjustert går talet frå rekordhøge 130.000 i første kvartal til 117.800 no. Det er det første fallet i trenden sidan siste kvartal i 2021.

– Talet på ledige stillingar er redusert med 10 prosent frå førre kvartal. Nedgangen kom etter at vi såg mange ledige stillingar heile fjoråret, og dessutan ein topp på starten av 2023. Sjølv om vi ser ein nedgang dette kvartalet er nivået framleis på eit høgare nivå enn heile fjoråret, seier seksjonssjef for arbeidsmarknad og lønn Tonje Køber i SSB.

Trass fallande aktivitet i byggje- og anleggsbransjen, viser SSBs statistikk at det framleis var 11.100 ledige stillingar i næringa i 2. kvartal. Det er det høgaste som er målt sidan 2010, og ein auke på 16 prosent frå førre kvartal.

(©NPK)

Publisert: 29.08.2023 09:04

Sist oppdatert: 29.08.2023 09:04

Mer om