(NPK-NTB): For tredje året på rad har Patentstyret teke imot færre søknader frå norsk næringsliv. Frå 2021 har talet sokke med 23 prosent.
– Når det er fleire patent i kraft i Noreg frå utanlandske aktørar, blir det mindre spelerom for norske innovatørar og selskap, seier senioringeniør Elen Margrethe Brendeford i Patentstyret i ei pressemelding.
Totalt fekk styret inn 7280 patentsøknader i fjor, frå både norske og utanlandske bedrifter og privatpersonar.
Søknadene frå utanlandsk næringsliv held seg på eit stabilt nivå – med ein samla nedgang på berre 1 prosent. Men hos dei norske aktørane er nedgangen på heile 10 prosent frå året før.
Ser ein på perioden frå 2021 til 2024, er den totale nedgangen i norske søknader på 23 prosent.
– Det er positivt at utanlandske aktørar ser på Noreg som ein attraktiv marknad, men vi kunne ønskje at fleire norske bedrifter også såg nytta og verdien av patent som eit verktøy for å sikre konkurransefortrinn og redusere risiko, seier Brendeford.
Av søknadene motteke av norsk næringsliv, er det teknikkområdet «olje og gass » som dominerer.
– Medan norske søkjarar står for omtrent 100 patentsøknader innanfor dette teknikkområdet, vart det her levert åtte gonger så mange søknader frå utanlandsk næringsliv, fortel Brendeford.
(©NPK)
Publisert: 17.02.2025 10:04
Sist oppdatert: 17.02.2025 10:04