Færre tatt for fyllekøyring
9.578 bles til raudt nivå i trafikkontrollane i 2021.
Dermed vart 790 færre melde til politiet for ruskøyring enn året før.
Det viser tal MA – Rusfri trafikk har henta frå Utrykkingspolitiet.
Organisasjonen arbeider for at ingen skal døy eller bli hardt skadde på grunn av rus i trafikken.
Aust og Sørvest politidistrikt er dei einaste politidistrikta som har hatt ein auke, høvesvis på 76 og 34 politimelde. Det har vore størst nedgang i Sør-aust politidistrikt, der 264 færre vart melde for ruskøyring.
– Ein firedel av dødsulykkene i trafikken kjem av at ein førar er påverka, seier generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen i MA – Rusfri trafikk.
Aldersgruppa 25–34 år er verst, og dei mellom 35–44 år følgjer på. Ni av ti melde er menn, ifølgje organisasjonen.
– Dei tre siste åra har totalt 84 personar mista livet i trafikken på grunn av ruskøyring, seier Kristoffersen.
Publisert: 11.01.2022 11:19
Sist oppdatert: 11.01.2022 11:19