Kort fortalt

Færre varsel om oppseiingar og permisjonar

Halvering på eitt år.

23.09.2016
(NPK-NTB): I august fekk Nav 2.600 varsel om moglege oppseiingar og permisjonar. Det er ei halvering samanlikna med for eitt år sidan.
– Etter ein haust og vinter der vi tok imot svært mange varsel kvar månad, har talet på varsel no gått noko ned. Det er positivt, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.
I Rogaland, som har vore det fylket som har hatt størst oppgang i arbeidsløysa, blei det varsla om 429 moglege oppseiingar og permisjonar i august, noko som er det lågaste talet på over to år.
– Vi kan framleis få månader med auke i arbeidsløysa framover, åtvarar Vågeng.
Det er berre bedrifter som planlegg å seie opp eller permittere minst 10 tilsette, som må varsle Nav. Sjølv om ein arbeidsgivar varslar om moglege oppseiingar eller permisjonar, så er det ikkje sikkert at varsla resulterer i oppseiingar eller permisjonar.
Så langt i år har Nav fått varsel om oppseiing for 22.000 personar og varsel om permisjon for 10.000. Det er 2.400 fleire personar enn i fjor på same tid. Også i august kjem omkring halvparten av varsla frå industri, bergverk og utvinning.

Publisert: 23.09.2016 11:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44