Kort fortalt

Færre tek kollektiv enn før pandemien

Men talet auka frå i fjor.

26.09.2022
(NPK-NTB): Talet på passasjerar og billettinntekter i kollektivtrafikken aukar frå første kvartal til andre kvartal i år, men er framleis lågare enn før koronapandemien.

Kollektivtransporten hadde 10 millionar fleire passasjerar i andre kvartal 2022 enn i første kvartal, ein auke på 7 prosent, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Samtidig viser tala at talet på passasjerar i andre kvartal i år er 92 prosent av talet i same kvartal i 2019 – før pandemien.

Totalt vart det gjort rundt omtrent 153 millionar reiser med buss, båt, jernbane, sporveg og forstadsbane i andre kvartal i år. Det er auke frå 142,8 millionar i første kvartal, men 8 prosent lågare enn andre kvartal i 2019.

Tala frå kollektivtransport-statistikken viser at alle kollektive transportformer har hatt passasjervekst frå førre kvartal. Talet som reiser med buss er 6 prosent lågare enn same kvartal i 2019, før pandemien, og nærmar seg derfor normalen, medan togtrafikken slit meir og ligg 16 prosent lågare enn før koronaen slo til.

Billettinntektene i andre kvartal 2022 var 3,6 milliardar kroner, ein auke på 30 prosent frå førre kvartal, men 8 prosent lågare enn før pandemien, ifølgje SSB.

(©NPK)

Publisert: 26.09.2022 09:44

Sist oppdatert: 26.09.2022 09:47

Mer om